Vatn, avløp og veg
VATN
Midsund vassverk Midsund Sentrale lover og forskrifter Forskrift om begrensing av forurensing, Del 4, Kapittel 11. Kommunale vann- og avløpsgebyrer
Lenkar
Midsund vassverk AS vert stifta i 1958 med inntak i dam oppe i fjellsida. Midsund kommune tok over vassverket den 01.01.1979, som er det største vassverket i kommunen. Inntaket og demninga ved Midsundvatnet ( kote 380 m.o.h., areal på 6000 m2 ) vart ferdig i 1983.
Vassleidning (ca 1100 m) ned frå Midsundvatnet har 3 basseng for trykkreduksjon. Nytt reinseanlegg med driftskontroll og naudstraumsaggregat blei ferdigstilt i 1996.
Midsund vassverket forsyner om lag 850 personar, samt service og industri i områda Midsund - Ugelvik - Magerøy og Blø - Bjørnarem.
Vassforbruket ligg på om lag 350 - 370 m3/døgn. Med ein årsproduksjon på 135.000 m3
Midsund vassverk er godkjent ( 18.12.97, K - sak 97/123) jfr. drikkevassforskriften , kapittel 3. med følgjande hygieniske barrierar.
| Adresse | Midsund kommune, 6475 Midsund |
| Telefon | 71 27 05 00 |
| Telefax |
71 27 05 01 |
| epost | inge.rakvag@midsund.kommune.no |
| Teknisk sjef |
Inge Rakvåg (for tekniske spørsmål) |
| epost | oddny.gangstad@midsund.kommune.no |
| Førstesekretær | Oddny Grete Gangstad (abonnement og fakturering) |
Vassanalyse
Midsund vassverk tar prøver av drikkevatnet i samsvar med krava i drikkevassforskriften. For Midsund vassverk skal det utførast 12 vassprøver pr. år. Vassprøvene vert for tida analysert ved Kystlab AS i Molde.
Tabellen nedanfor vert oppdatert etter kvart. Prøve av reinsa vatn frå behandlingsanlegg og leidningsnettet.
Klikk her for å sjå resultat av vassprøver for 2011
AVLØP
Husk - Spør først grav sidan, det kan vere rør og kablar der du skal grave.
Nedbørsfelt er verna med klausulering.
- Sil for fjerning av partiklar og desinfeksjon med UV.
- Klor har ein som reserve desinfeksjon.
- Nødstraumsaggregat
Lenker
Kommunale avløpsanlegg
Det er i dag 10 kommunale avløpsutslepp: Bøen, Midsundbukta, Støttneset, Midsund Bruk, Selvika, Drynjasundet, Stormyra, Krabbevik, Røberg ny, Torsvik.
Alle utsleppa går ut i sjøen. Det er bygd 3 kommunale felles slamavskillarar og resterande blir utbygd og utsleppa blir oppgradert til gjeldande reglar. Elles er det stort sett private septiktankar.
På ledningsnettet er det 3 avløpspumpestasjonar. Samla lengde avløpsledningar er ca. 25 km. Ein stor del av ledningsnettet er nytt og med PVC rør.
Slamtømmingsgebyr
Sjå forskrift § 15 - 17 om slam:
I Midsund kommune er det innført tvungen tømming av slam for alle eigedomar også hytter og fritidshus. Kommunen er medlem av Romsdal Interkommunale Renovsjonsselskap og det er desse som står innsamling og handtering av slammet. Hovudentreprenøren i RIR-kommunane for innsamling er Miljøservice as frå Stryn.
Tømming vert utført minst kvart andre år når det gjeld bustadhus og kvart fjerde år for hytter og fritidshus. Tette tankar vert tømt kvart år.
Kommunen kan bestemme ei anna og hyppigare tømming om forholda gjer det nødvendig. Dersom det oppstår akutte behov for å få utført slamtømming, tanken/røyra er tett, skal ein ta kontakt med tekniske tenester v/Oddny Grete Gangstad , event. kan ein ringe RIR direkte på tlf. 71 21 34 50.
Sist oppdatert: 2.2.2012
