Velkomen til Midsund Utstyrssentral

Midsund Frivilligsentral har etablert ein utstyrssentral på kommunehuset. Den vert betjent av Servicekontoret og er open kvar dag frå 9:00 til 14:30.

Per i dag består utstyrssentralen av vinterutstyr som ski, skøyter, hjelm akebrett m.m.
Her er liste over utstyret.

Dette utstyret som kan lånast gratis av alle.

Målet vårt er at fleire skal kunne vere aktiv ute og kunne delta på og prøve seg i fleire typar aktivitetar.

 

Ta kontakt med Frivilligsentralen for spørsmål:
malvin.bjornerem@midsund.kommune.no
Tlf: 712 70 533

 

 

Regler for utlån:
Utlånstida er maks 1 veke.
Låntakar må vera over 16 år.
Berre personar over 18 år kan stå som låntakar av utstyr som skal brukast av yngre barn/familiemedlemmar.
Det vert føresett at lånetakar set seg inn i bruken av utstyret, og at bruk skjer forskriftsmessig.
Lånt utstyr vert brukt på eige ansvar, og utlånar står ikkje ansvarleg ved eventuell skade på personar som låner utstyr.
Utstyr skal leverast personleg i sentralen si opningstid. Ved innlevering vert utstyret gjennomgådd av personalet.
Utstyret skal leverast tilbake i same tilstand som ved utlån.
Alt av utstyr skal reingjerast og tørkast etter bruk, før det vert levert tilbake.
Dersom utstyret ikkje er reingjort/tørka, vil kostnaden ved dette belastast lånetakar.
Det skal gjevast melding om noko er øydelagt eller dårleg.
Lånetakar er erstatningsansvarleg ved skada/øydelagt utstyr.
Lånetakar vert belasta kostnaden for utstyret dersom utstyret ikkje vert levert tilbake.