Du er her: > Artikkel
Treffpunkt Midsund
Utflyttartreff
I samarbeid med Midsundfestivalen arrangerer Midsund kommune, Midsund Vekst og Midsund Næringslag "Utflyttartreff" på Idavoll, laurdag 17. juli kl. 14.00.
Midsundfestivalen i samarbeid med Midsund kommune, Midsund Næringslag og Midsund Vekst AS inviterer alle utflytta midsundingar og deira familiar, til eit uformelt treff på
Idavoll, laurdag 17. juli kl. 14.00.
Lokalbefolkninga i Midsund er også invitert, for å gjere dette ti leit "treffpunkt Midsund" der ein i fellesskap kan få tid til ein god prat, men også ha fokus på utviklinga av Midsund-samfunnet.
Det er lagt opp til følgjande program:
- Utegrilling
- Unge lokale artistar
- Presentasjon av gründercampfinalistar frå Midsund skule
- Presentasjon av utdrag frå Gillespies si analyse av Midsund
- Innlegg ved Eldbjørg Raknes, Ole Arve Misund og ordførar Helge Orten
- Ytring, debatt og dialog
For meir informasjon om programmet, sjå http://midsundfestivalen.no
Ps! Parkeringsplassen ved Idavoll er liten - ein oppmodar til å finne alternativ.







