Du er her: > Artikkel

Utdeling av turkrus Bygdheim 20.01.2010

Turpostkassetrim 2009

Sandane  Fredag 20.01.10 inviterte ordførar Helge Orten dei av kommunens innbyggjarar som hadde gjort seg fortent til turkrus i 2009 til markering.
(foto: J.Paur - Sandane på Midøya)
 
Først drog ordføraren gjennom diverse turstatistikk i god konkurranseånd.
Veit du f.eks. at det er like månge registrerte berre på Digergubben i 2009, som totale registreringar i Aukra kommune?
 
Vi fekk høyre kven som hadde vore mest på Steplogturar. 
Stortrimmar Tove Silset Opstad fekk gåvekort på kr. 1 000,- på MX Sport for å ha vore på alle 10 turmål, og ha totalt flest registreringar i 2009.
Gåvekort på kr 500,- bart det også til nr. 2 og 3, etter same kriteriar; Magne Bjørnerem og Solbjørg Heggdal.
 
Vi fekk høyre om Are Røberg, født i 2008, som tursesongen 2009 klokka inn på alle 10 turmåla. Han fekk både turkrus og ekstra pakke med turutstyr frå MX Sport.
Det var elles mange born i salen som hadde vore på 7 eller fleire turmål, og enda nokre born, 6 år eller yngre, som berre trengte å ha vore på 6 ulike stadar for å få krus.
 
So spela og sang Kristine Opstad Rakvåg og Mia Tangen "The Climb" for oss, før bandet Hasted med Hallvard Løken Tangen, Aris Vølen, Sander Orvik, Tomas Orvik, Eirin Høgset og Daniel Orvik spela låtene "Chasing cars" og "Cocaine" for dei frammøtte.
Etter dette vart krusa og nylaga brosjyre frå Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal delt ut til dei som var møtt fram.
 
Ordførar Helge Orten delte personleg ut lodd til kvar av dei frammøtte, og slik veit vi at det var 60 personar som konkurrerte om gåvekortet på kr. 1 000,- frå MX Sport denne kvelden. Han fekk hjelp av Jonas Orvik til trekninga, og det gjekk ikkje verre enn at Jonas trakk seg sjølv som vinnar!
 
Dei som ikkje hadde anledning å få krusa denne fredagen kunne/kan hente dei på MX Sport i Midsund sentrum frå laurdag føremiddag.
 
Arrangørane fekk ein del tilbakemeldingar om personar som ikkje fekk krus fordi dei ikkje hadde nok registreringar.
Det viser seg at många hadde vore aktive den 25.10.09 og tatt den siste turen denne fine søndagen. Dessverre gjekk turkonkurransen berre til 25.10., dvs resultata t.o.m. den 24. Nokre hadde heller ikkje fått med seg at kriteriet for born og 6 turmål berre gjeldt til og med året dei fyller 6 år. Etter 6 år må dei ha 7 turmål.
 
Vi skal prøve å informere betre dette året. Elles er det slik at ein sjølv må følgje med på på Steplog, og kontrollere at alle turar blir registrert anten ved hjelp av mobil eller internett. Vi har ikkje fått fleire krus enn dei som var registrert gyldige på Steplog, og klarer dessverre ikkje å gjere meir med dette for 2009.
Levert av CustomPublish AS