Eit instrument å bli glad i og av!

Om toradaren

Toradaren (også kalla durspel) er som eit lite trekkspell, men den som spelar toradar er nøye på peike på skilnadane! I prinsippet liknar toradaren mykje på eit munnspel. Toraderen er vekseltonig, det vil seie at den gir to ulike tonar for kvar knapp avhengig av om belgen dragast ut eller pressast saman. Vi får kjøpt instrument i ulike toneartar, det vil seie at kjøper ein eit instrument stemt i for eksempel C-G-dur, blir må ein halde seg til denne tonearten.

Toraderen er i bruk over hele Norge, og har dei siste åra fått ein renessanse her i landet.

Toradaren er eit instrument som passar for alle som tålar å høyre trekkspelliknande tonar. Ein blir i godt humør av å spele, både den som spelar, og den som høyrer på (men finn gjerne eit eige rom når du skal øve!).

Må eg kunne noko på førehand for å kunne bli med på kurs?

Det krevjast ingen forkunnskapar for å melde seg på kurs. Det ligg så mykje musikk lagra i instrumentet, det er berre å hente den ut! Sjølv den som trur han er heilt umusikalsk, kan få seg ein positiv overrasking etter nokre veker. Mykje kan lærast etter gehør, i alle fall må all logisk tenking knytt til noter leggast til side. Toradaren har sitt eige spesielle ”notesystem”.

Kursmateriell

Vi startar heilt på botn, øver på å koordinere fingrar og hender uavhengig av kvarandre, samstundes som vi dreg og dyttar på belgen. Vi bygger deretter vidare og øver på enkle slåttar og melodiar med bass-akkompagnement. Målet er speleglede, og nokre definerte låtar etter kvart semester. Vi kjem mest truleg til å nytte kursmateriell utarbeidd av Tom Willy Rustad.

Leige av instrument

Kulturskulen har dessverre ikkje instrument til utleige. ”Norild” på Sjøholt leigar derimot ut instrument til  ca kr. 300,- per månad (ein bind seg til å leige minst eit halvt år). Dersom du vel å kjøpe, vil leigesummen bli trekt frå kjøpesummen. 1. kursdag vil det bli høve til å prøve ulike typer instrument for evnt. leige. Vi nyttar C-G- instrument.

Bli med!  Dette skal vere artig!

Øyadur

Gammaldansgruppa "Øyadur" består av toradarar, trekkspel, fiolin og bass. Vi brukar også gitar, ukulele og rytmeinstrument ved behov. Den som har lyst, kan vere med her! Vi har ulike oppdrag gjennom året, og har arrangert eigne gammaldanskveldar dei 2 siste åra, saman med Markato.