Sjå også eige omtale av dei einskilde tilboda. Her kjem ei lita oversikt:

Instrumentopplæring/ samspel:

Målsettinga for song– og instrumentalundervisninga er å utvikle trygge utøvarar med allsidig teknikk og stor spilleglede. Her er det mykje å velje i! Har du ikkje instrument? Vi har nokre å leige ut.

Samspel er motiverande og lærerikt , og etter kvart som elevane er modne for det, vil vi legge til rette for at dei får prøve å spele i lag med andre. Det kan også vere aktuelt med gruppeundervisning i nokre instrument. Dette blir avklart når vi  får oversikt over søkjarane.

Vi tilbyr opplæring i:

Gitar, Bass, Piano, Keyboard, Orgel/ kyrkjeorgel, Trommer, Song, Tverrfløyte, Blokkfløyte, Fiolin, Cello,Kontrabass, Torader (gruppeundervisning), Korpsinstrument (aspirantkorps),

Andre tilbod:

Musikkterapi: Når gleda er målet! I musikkterapi-timane tar vi utgangspunkt i den enkelte eleven sitt funksjonsnivå og interesser.I fellesskap finn vi fram til songar som eleven liker og kan delta på. Enkle musikkinstrument, sangleik, rytme og dans er også aktuelt. Det er berre fantasien som stopper oss!

Produksjonsteknikk: Her lærer ein grunnleggande teori og praksis i scene, lyd, studio og lysproduksjon, samt bruk av audiovisuelle element. Produksjonsteknikk er eit praktisk og målretta fag som gjer deg i stand til å ta ansvar ved praktisk produksjonsarbeid på konsertar og liknande tilstelningar. Elevane blir delaktige i produksjonar ved kulturskulen og i andre kulturarrangement i kommunen.Faget skal og kunne gje eit godt grunnlag for vidare yrkesutdanning på feltet. Målgruppe: 13 år og oppover (8. klasse gjeldande haust)

Dans: Torsdagar er dansedagen dette året. Alle over 4 år kan søkje om plass, og vi deler inn i aldersbestemte grupper når vi får oversikt over interessa. Meld på!!
 
Kunst: Vi tilbyr kurs i teikning og måling Det er plass til om lag 7-8  elevar per kurs. Tidspunkt kjem vi tilbake til. Målgruppe: Frå 4. klasse og oppover. Elevane vil bli inndelt etter alder.
Kor:
  • Markato er Midsund sitt beste (og einaste) damekor! Her er det plass til alle som likar å synge - uansett stemme. Aldersgrense: 13 år og oppover. Koret øver på Midsund skule kvar onsdag.
  • KORkult: Kulturskulekoret vårt, for elevar frå 1.- 4. klasse.

Aspirantkorps: Vi har opplæring i korpsinstrument i 5. klasse på Midsund skule, som del i musikkundervisninga. Vi vonar dette kan bidra til rekruttering, og at vi etterkvart får eit aspirant korps, opp å gå! Vi kan også lage storband. Vi tek sjølvsagt også imot andre interesserte, på alle instrument. Blir det mange nok, blir det korps!  Aldersgrense: 10 år og oppover.  Vaksen? Ingen hindring!

”Frem frå glemselen”  Tilbod gjennom ”Den kulturelle spaserstokken” til bebuarar ved Midsund alders– og sjukeheim. Vekt på allsong og gjenkjennbar musikk frå gamle dagar. Annankvar tysdag er Åshild og David på aldersheimen. 

Musikkleik for born 1- 4 år: Tysdagskveldar 12 gongar i løpet av året. Følg med på annonsering

Zumba: Dans og trim til fengande rytmer. dette har vore organisert gjennom kulturskulen dei siste åra. Følg med på annonsering frå huasten.

 

Tidsavgrensa kurs:

Gitarkurs for vaksne blir sett i gong dersom vi får nok elevar.