Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Vallokala er open frå kl. 12.00 til 21.00 på valdagen 9.09.13.

STORTINGSVALET OG SAMETINGSVALET 2013

Print

For å kunne røyste ved Stortings- og sametingsvalet måndag 9. september må du stå i manntalet.

 

Du kan kontrollere om du står i manntalet i Midsund kommune når manntalslistene blir lagt ut. Listene blir lagt ut frå og med medio juli og til og med valdagen 9. september.

01 Søre og Nordre Midøy krins

02 Sør- og Nord Heggdal m/Tautra krins

03 Midsund, Ugelvik og Akselvoll krins

04 Raknes, Rakvåg og Ræstad krins

Alle manntalslistene vil bli lagt ut på Midsund kommunehus, servicekontoret.

 

"Vallova § 2-7. Krav om retting. Innføring av stemmeberettigede bosatt i utlandet.

(1) Den som mener at vedkommende selv eller noen annen uriktig er blitt innført eller utelatt fra manntalet i kommunen, kan kreve at feilen rettes opp.

(2) Kravet skal være skriftlig og begrunnet, og sendes valstyret i kommunen.

(3) Valgstyret skal sørge for at stemmeberettiget bosatt i utlandet, som ikke har vært folkeregisterført som bosatt i Norge noen gang i løpet av de siste 10 år før valgdagen, føres inn i manntalet i kommunen dersom vedkommende velger søker om innføring innen kl. 21 valgdagen, mandag."

 

Krav om retting skal vere skriftleg og denskal grunngjevast. Krav om retting skalsendast Midsund valstyre, 6475 Midsund.

 

 

FØREHANDSRØYSTING

Det er høve til å røyste før sjølve valdagen.

Dersom du ikkje kan røyste innanfor den ordinære perioden før førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen, så har du høve til tidlegrøysting i tida 1.juli til og med 9. august. Ta då kontakt med kommunen og avtal tid.

Den ordinære perioden for førehandsrøysting er tida 12. august til og med 6. september.

 

Midsund kommunehus, servicekontoret:

Måndag - fredag          kl. 08.30 - kl. 15.00

Laurdag 31. august      kl. 12.00 - kl. 16.00

Torsdag 5. september  kl. 08.30 - kl. 19.00

 

Midsund sjukeheim

Onsdag 4. september  kl. 10.00 - kl. 14.00

 

Ambulerande røystemottaking

Dersom du på grunn av sjukdom eller andre årsaker ikkje kan røyste på valdagen eller ved vanleg førehandsrøysting, kan du søkje om å få røyste der du bur (ambulerande røysting).

Søknadsfristen for ambulerande røystemottaking er tysdag 3. september 2013 kl. 15.00.

Søknaden skal sendast Midsund valstyre, 6475 Midsund.

Ta med legitimasjon når du skal røyste.

 

Midsund valstyre

 

Lov 2002-06-28 nr. 57 : Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven)

For 2003-01-02 nr. 05 : Forskrift om valg til Storting, fylkesting og kommunestyrer (valgforskriften)