Alle veljarar får tilsendt valkort

På valkortet finn du informasjon om kvar og når du kan stemme på valdagen.

Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det sparer deg for tid. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Vallokala er opne frå 12:00 – 20:00 på valdagen.
Heggheim forsamlingshus, Midsund Bibliotek, Midøy Grendahus og Raknes Skule

Førehandsrøysting
Du kan førehandsrøyste frå 10. august til 8. september på følgjande stadar:

Midsund kommunehus, servicekontoret:
Måndag – fredag             kl 08:30 – kl 15:00
Laurdag 26. august         kl 12:00 – kl 16:00
Torsdag 31. august         kl 08:30 – kl 19:00

Midsund omsorgssenter
Tysdag 29. august           kl 10:00 – kl 14:00