Liker du å synge og har lyst å lære meir?
Har du aldri sunge før, men lurer på om dette er noko for deg?
Går du med ei sangstjerne i magen og drøymer om å stå på ei scene?
Då er Midsund kulturskule staden for deg!
Med utgangspunkt i stemma, som er instrumentet ditt, vil du få ny kunnskap og rom til å utvikle deg som songar. Tryggleik, allsidig teknikk og sangglede er målet!
 
I sangtimane jobbar vi med oppvarming, stemmetrening og gjennomgang av repertoar. Vi ønsker oss eit variert og allsidig sangvalg. Når eleven er trygg på si eiga stemme, legg vi opp til at fleire kan synge saman - gjerne fleirstemt. Og har du lyst, kan du få høve til å synge med band, eller saman med andre elevar på feks gitar og/eller piano. Mikrofonbruk og sceneopptreden høyrer også med. Vi bruker ikkje mykje tid på noteopplæring, men ønsker at eleven skal få ein grunnleggande notekunnskap, samt kjenne nytten av dette ved feks innlæring av nye songar.
 
For barn som er yngre enn 13 år, vil det ikkje bli jobba så mykje med teknikk. Her vil fokus være mest på innlæring av songar, uttrykk, rytme og sangglede.