Midsund sjukeheim


Midsund sjukeheim er organisert under Helse og omsorg, der Leif Arne Lagesen er leiar.
Anette Hoel er avdelingsleiar på sjukeheimen.
 
 
 
 
Midsund sjukeheim har 34 plassar



 
 

 

Adresse
Omsorgssenteret,
Midsund kommune, 6475 Midsund
Telefon 71 27 05 78
Telefax 71 27 05 71
epost anette.hoel@midsund.kommune.no
Avd.leiar  Anette Hoel
   


 

Somatisk 1 - Fjellstua
Fjellstua har 14 plassar, og kan tilby langtidsopphald for brukarar med utvida samansette behov, såkalla multibehovsbrukarar.
Avdelinga er lokalisert til 2. etg. ved sjukeheimen

Somatisk 2 - Havstua
Havstua har 10 plassar, og kan tilby langtidsopphald eller korttidsopphald til brukarar med ulike hjelpebehov og generelt behov for opptrening eller overgangspleie etter sjukehusopphald. Institusjonen sine korttidsplassar er tillagt denne avdelinga.
Avdelinga er lokalisert til 1. etg. ved Midsund sjukeheim

Solstua
Solstua er ei spesialavdeling med 10 plassar for brukarar med kognitiv svikt. Målsettinga for avdelinga er å skape eit miljø for brukarar som prøver å normalisere opplevinga av seg sjølv i samspel med andre, samt trening som bidrar til at brukar i størst mogleg grad bevare sin identitet, sin eigenverd og sitt sjølvstende. Solstua er i dag lokalisert til 2. etg. ved sjukeheimen, men er planlagt flytta i eige frittståande bygg på bakkenivå med byggestart 01.09.04.




For søknad om langtids- eller korttidsopphald ved sjukeheimen, sjå under Heimetenesta.

 

 


Sist oppdatert: 29.09.11

Levert av CustomPublish AS