For tildeling av statlege midlar for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, krev staten at kommunane har ein kommunedelplan for idrett og friluftsliv, med eit handlingsprogram og prioriteringsliste som årleg rullerast. Planen er i Midsund organisert som ein temaplan inn under folkehelseplanen. Sist gong den vart vedtatt var i kommunestyre 28.04.2016 (16/37).

Plana vert lagt ut på høyring slik at dei som har prosjekt som har behov eller ønske om støtte gjennom spelemiddelordninga, kan kome med innspel på dette innan fristen som vert sett til den 13. april 2018.

 

Legg ved prioriteringsliste som i frå 2016:

Prioriteringar 2016

Tiltaka har blitt vedteke av kommunestyre prioritert etter rekkefølgje:

1. Prosjekt « Fjelltrapp i Midsund»

2. Trafikktryggingstiltak med ny parkeringsplass på Sandane

3. Bygging av lager til KFUK-KFUM- speidarane

4. Utskifting av kunstgrasdekke på Skeidvoll. Tidsperspektiv 1-2 år. Antatt kostnad 2 MNOK

5. Sti mellom Kapellet og Stølen i Nord Heggdal

6. Fotballhall m. tidsperspektiv 2-3 år. Dersom fotballhallen blir lagt til Skeidvoll blir utskiftinga av kunstgras og fotballhall slått saman til eit prosjekt

7. Utbetring av veg til turstigar ved Holsvatnet

8. Trafikksikringstiltak rundt Midsundhallen. Tidsperpektiv 4-6 år. Antatt kostnad 1 MNOK

9. Rehabilitering av Midsundhallen. Tidsperspektiv 8-12 år. Antatt kostnad 10 MNOK

10. Hamna Velforeining vil oppgradere noverande fotballplass i nærmiljøet med drenering og kunstgrasdekke.

11. Ridebane i Nord Heggdal med målgruppe barn og unge

 

Heile handlingsplana kan du lese her:

Handlingsplan for idrett og fysisk aktivitet 2016