Det er ikkje kvart år vi får eit symfoniorkester til Midsund. Men søndag 15. november skjer det! Då kjem Romsdalsorkesteret, som er Romsdal sitt ege symfoniorkester, og skal ha konsert i Storsalen på Midsund skule. Orkesteret består til dels av profesjonelle musikarar frå regionen, samt av vaksne amatørmusikarar, og unge talent som går på kulturskulane i Romsdal. Barnehagebarn er spesielt velkomne denne søndagen. Korleis vil dei la seg inspirere av klassisk musikk? Olla Rypdal, som skal vere konferansièr, har vore på besøk i barnehagane tidlegare og førebudd dei godt på kva som skal skje. Hjarteleg velkomne til flott familiekonsert!

Romsdalsorkesteret til Midsund_600x800.png