Du er her: > Artikkel

Møre og Romsdal fylkeskommune informerer.....

Regionale utviklingsmidlar - søknadsskjema på nett

MRF logo pos[ 1]  .pngRegional- og næringsavdelinga ønskjer å informere om fullelektroniske søknadsskjema for dei regionale utviklingsmidla.
Fordelen er ei betre og raskare vurdering av søknaden.
 
Regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å informere om at vi no har utvikla fullelektroniske søknadsskjema for dei regionale utviklingsmidla. Det vert no publisert på våre nettsider fullelektroniske søknads- og rapporteringsskjema.

Skjemane fyllast ut på våre nettsider og har full retningsleiar under utfyllinga. Først registrerar du din e-post adresse ved oppstart og du får da tilsendt ei lenke til din søknad på e-post.
Dette inneber at om søknaden ikkje fullførast kan du fortsette ved ein senare anledning, ved hjelp av denne lenka. Alt du har gjort så langt vert lagra til seinare.
Når du trykker på "send" etter å ha fylt ut heile skjemaet (både for søknad og rapportering) kjem søknaden direkte til post@mrfylke.no.

NB: Du kan ikkje gå inn i søknaden igjen når han først har vorte sendt (når du har trykt på "send-knappen"). Heile prosessen og alt du føretek deg er anonymt inntil du trykkar på "send".

Fordelen er at dei som søkjer vil oppleve ei betre og raskere vurdering av søknaden då skjemaet inneheld dei opplysningane som er nødvendige.


http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/Handlingsprogram-Verdiskaping/Soeknads-og-rapporteringskjema
Levert av CustomPublish AS