Raknes skule
Raknes skule har 65 elevar i 1. - 4. klasse med 8 tilsette. Den fulldelte skulen ligg ute på utsida av Otrøya og har stabile elevprognosar framover.
Uteskule og samarbeid med nærmiljøet er dei satsingsområda som skulen har komen lengst med. Oppe i furuskogen på Bergereset har foreldre og tilsette bygd ein gapahuk av tømmer frå øya, og denne er basen for både leik og læring. Sjø, fjøre, myr og skog ligg i nærområdet og blir utforska av elevane.
| Adresse | Midsund kommune, 6475 Midsund |
| Telefon | 71 27 84 88 |
| Telefax | 71 27 82 93 |
| epost | raknes.skule@midsund.kommune.no |
| Heimeside | Raknes skule |
| Rektor | Jonas Storvik |
SFO:
Raknes skule har ei skulefritidsordning som gir borna eit gratistilbod på 1-4 timar i skuletida, samt tilbyr eit betalt tilbod på fridagen til borna (onsdag og torsdag).
Dei som ikkje er faste abonnentar, kan melde seg på eit "drop-in"-tilbod for enkeltdagar eller timar. Førebels har det ikkje meldt seg nok born til å gje eit tilbod før og etter skuletid.
Sist oppdatert: 15.10.10
