Psykisk helseteneste
Psykisk helseteneste
Tenesta er eit lavterskeltilbod (gratis). Ein kan ta kontakt ved behov for samtale. Sjukepleiar har ansvar for oppfølging og koordinering av tiltak overfor menneske med psykiske lidingar.
Målsettinga for det psykiske helsearbeidet i kommunen;
-
fremme sjølvstende og evne til å meistre eige liv
-
auke forståinga for psykiske lidingar og styrke moglegheita til integrering
-
forebygge psykiske sjukdom i kommunen
-
styrke tilbodet til menneske med psykiske vanskar i kommunen
Førebyggande familieintervensjon - nytt tilbod frå helsetenesta
Psykiatrisk sjukepleiar har gjennomførte eit kurs ved NTNU i Førebyggande familieintervensjon. Dette er ein strukturert og tidsavgrensa metode som er psykoedukativ, ressursbyggande og barnesentrert.
Målet med intervensjonen er å unngå at born utviklar psykiske problem i familiar der dei vaksne slit. Det kan vere grunna psykisk sjukdom, rus eller andre belastningar. Månge vaksne opplever at det er vanskeleg å snakke med borna om desse tinga, og kommunikasjonen går lett i "stå". Ein samtaler med foreldre og born, saman eller kvar for seg.
Dette er ikkje behandling, men meir klargjering av bestemte spørsmål og bekymringar som kan oppstå. Kjerna i intervensjonen er å få i gang kommunikasjon i familien på ein slik måte at familiemedlemane sjølv blir i stand til å snakke om kva som er i vegen.
Metoden er førebyggande på den måten at ein ønsjer at borna skal få ei sunn utvikling. Dette er eit lavterskeltilbod, dvs. at det er gratis.
Ein kan ta kontakt pr. tlf: 90145974 / 71270559 (psykiatrisk sjukepleiar) eller tlf: 71270550 (ekspedisjonen).
Born som pårørande
Lovendringar:
Stortinget vedtok i 2009 endringar i helsepersonelloven og lov om spesialisthelsetenesta for å sikre at helsepersonell identifiserer og ivaretek det informasjons- og oppfølgingsbehov mindreårige born som pårørande kan ha.
Endringane trådte i kraft 01.01.10 og gjeld både ved psykisk sjukdom, rusmiddelavgengigheit, eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Bestemmelsane gjeld for aalt helsepersonell i både offentleg og privat sektor. Endringane i lova inneber også at teiingspliktige opplysningar kan bli gitt til samarbeidande personell når dette er nødvendig for å ivareta behove til pasientens born, med mindre pasienten motsett seg dette.
Hjelpetelefonar
- Røde Kors telefonen for barn og unge 800 333 21
- Mental helse hjelpetelefon 810 002 77 www.mentalhelse.no
- Homofiles ungdomstelefon 810 00 277 www.llh.no
- Voksne for barn - Bekymringstelefon 810 03 940 bekymring@vfb.no
Hjelptenester på nettet
- Klara Klok (helsepersonell svarar på spørsmål i frå ungdom om helse, forhold/familie, rusmidlar og seksualitet) www.klara-klok.no
- Røde Kors www.korspahalsen.no
- Si det med ord (Mental Helse) www.sidetmedord.no
Meir informasjon om ungdom og psykisk helse
- Psykisk helse i skulen
- Sosial og helsedirektoratet - eller www.psykisk.no
- Statens informasjonsside til ungdom (eigne temasider om psykisk helse)
- SUSS - Senter for ungdom, Samlis og Seksualitet
- Rådgjevning for spiseforstyrrelsar
-
Sist oppdatert: 30.08.10
