Produksjonsteknikk er eit relativt nytt tilbod ved Midsund kulturskule.
 
Dette er eit fag der du lærer grunnleggande teori og praksis i scene, lyd, studio og lysproduksjon, samt bruk av audiovisuelle element. Produksjonsteknikk er eit praktisk og målretta fag som gjer deg i stand til å ta ansvar ved praktisk produksjonsarbeid på konsertar og liknande tilstelningar. Elevane blir delaktige i produksjonar ved kulturskulen og i andre kulturarrangement i kommunen.
 
Lærar er Joachim Orvik
 
Etter fleire år i faget, vert det lagt til rette for å ta kursbevis.
 
Faget skal og kunne gje eit godt grunnlag for vidare yrkesutdanning på feltet.
 
Målgruppe: 13 år og oppover (8. klasse gjeldande haust))
 
Organisering: Gruppeundervisning 0,75 t per veke. Ein "avspaserar" tid rundt arrangement.
 
Gruppestorleik: Maksimum 8 elevar