Piano er eit utruleg nyttig og anvendeleg instrument å kunne spele på! I tillegg er sjølve instrumentet svært pedagogisk oppbygd, sidan alle tangentane har kvar sin tone, og ein får eit godt visuelt bilete av tonane på klaviaturet.
 
Som nybegynnar på piano vil du få lære god speleteknikk, notar og rytme, i det tempoet du beherskar. Vi startar også tidleg med gehørtrening og enkel besifring og akkompagnering. Samspel med læraren gjer at sjølv dei enklaste melodiar blir flotte å høyre på, og etter kvart kan det også bli aktuelt med samspel med andre elevar. Pianistar er etterspurde i samspelsgrupper, og det skal ikkje så veldig mykje til før ein kan gjere nytte for seg i grupper med fleire instrument!  
 
For å beherske instrumentet godt, er det viktig med god teknikk. Vi ønskjer derfor at elevane våre også skal kunne spele klassiske komposisjonar.