Frist for innlevering av listeforslag til kommunane ved kommunestyrevalet er 31. mars kl. 12:00.

Informasjon om formalkrav til listeforslag og behandling av listene finn de på desse nettstadene: 
Innlevering av listeframlegg
Krav til og behandling av listeforslag

Kva parti kan stille liste etter forenkla regelverk? 
Det følgjer av vallova § 6-3 (1) at registrerte politiske parti som ved stortingsvalet i 2013 anten
a. fekk minst 500 stemmer i eit fylke, eller
b. fekk minst 5 000 stemmer på landsbasis

kan stille valliste ved kommunestyrevalet/fylkestingsvalet etter forenkla reglar når det gjeld krav til underskrifter på listeforslaget. Det vil vere tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av minst to styremedlemer i partiet sin lokalorganisasjon i vedkomande kommune eller fylke. Underskrivarane må ha stemmerett i valdistriktet.

Følgjande parti blir omfatta av desse reglane ved valet til hausten: 
Arbeiderpartiet
De Kristne*
Demokratene i Norge
Fremskrittspartiet
Høyre
Kristelig Folkeparti
Kystpartiet
Miljøpartiet De Grønne
Pensjonistpartiet
Piratpartiet
Rødt
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Venstre

*Vi gjer oppmerksam på at partiet har søkt om å få endre namnet til Partiet De Kristne. Søknaden er for tida til behandling i Partiregisteret i Brønnøysund.

Kva parti fell utanfor ordninga med forenkla regelverk? 
Andre registrerte parti må oppfylle vilkåra i vallova § 6-3 (2) for å kunne stille liste. Dette inneber:
a. Ved fylkestingsval blir det kravt underskrifter frå minst 500 personar med stemmerett i fylket
b. Ved kommunestyreval blir det kravt underskrifter frå ein antal personar med stemmerett i kommunen, tilsvarande 2 prosent av antal røysteføre i kommunen ved siste kommunestyreval.

Det er eit minimumskrav at listeforslaget er underskrive av eit antal personar som tilsvarer antal kommunestyrerepresentantar i kommunen. Underskrifter frå 300 personar er i alle tilfelle tilstrekkeleg.

Desse krava vil gjelde følgjande registrerte parti:
Det Liberale Folkepartiet
Kristent Samlingsparti
Norges Kommunistiske Parti
Samfunnspartiet
Tverrpolitisk Folkevalgte