I tillegg til Midsund legekontor held fysioterapeut, psykiatrisk sjukepleier, helsesøster og jordmor til ved Midsund helsesenter.

Legekontoret har to stillingar for legar og desse er organiserte innanfor den landsomfattande fastlegeodninga. Vi har også turnuslege.
Legene er med i interkommunal legevaktsordning som omfattar Aukra, Midsund og Sandøy kommune. For tida er det 7-delt vaktturnus.
Legevaktsentralen er lokaliset på Molde sjukehus, dei set deg i kontakt med legevaktslegen (eller legekontoret på dagtid).
Vi minner om at legevakt kun skal nyttast for akutte tilfelle som ikkje kan vente til neste dag.
For å kome i kontakt med legevakt nyttar du same telefonnummer 24t i døgnet 365 dagar i året, dette er eit felles nasjonalt nummer:
116 117.

Vi nyttar SystemX journalsystem.

Laboratoriet er utstyrt for vanleg blodprøvetaking og urinanalyse. Analysar som hemoglobin, blodstatus, blodsukker, HbA1C, mikroalbumin, senkningsreaksjon, CRP og INR blir gjort på kontoret, medan ein elles nyttar sjukehuset sine avdelinger for klinisk kjemi. Det er også utstyr for 24t BT måling, EKG, spirometri og tympanometri. På skiftestua føretek ein bl.a. mindre kirurgiske inngrep, sårbehandling og øyreskylling.
Laboratoriet er bemanna alle dagar.

Ekspedisjonen blir betjent av to ansatte som besvarar telefonar/henvendelser og held orden i journalarkivet.