skulen

 

Kulturskulen disponerar musikkrommet og andre rom ved behov, på Midsund skule som ligg i Midsund sentrum. Her går det meste av musikkundervisninga føre seg i dag. Danseundervisninga foregår på Idavoll.
 
 
Midsund musikkskule vart starta opp i 1978, då tidlegare rektor gjennom 35 år, Zdzislaw Lech kom til kommunen. Vi arbeider med å få på plass eit historisk tilbakeblikk, som vil bli publisert etter kvart.
Musikkskulen har no skifta namn til ”Midsund kulturskule”. Dette betyr at vi har ønskje om å bygge opp varige tilbod i andre kunstformar enn musikk. Det er i dag om lag 150 elevar i kulturskulen, som har opplæring i ulike instrument/ sang, dans, kunstfag, eller som deltek i kor/ korps/ band. Framføringar og konsertar er ein viktig del av undervisningstilbodet.
 
 
Som elev ved kulturskulen kan du vente deg:
-          opplæring hos kvalifiserte pedagoger og utøvarar
-          undervisning individuelt eller i gruppe tilpassa eleven sine føresetningar,
interesser og nivå
-          deltaking på konsertar eller andre tilstelningar
-          tilrettelegging av samspel med andre elevar der det er naturleg
-          tilbod om samtale mellom lærar og elev/føresette minst ein gong i året
-          å finne oppdatert informasjon på skulen sine heimesider
 
Kulturskolen har også forventningar til elevane våre. Vi ventar at:
-          eleven forbereder seg til undervisninga
-          eleven møter presis og gir beskjed ved ev. fråvær
-          eleven/foresatte skaffar til veie notar og anna nødvendig utstyr etter
avtale med læraren/skulen
-          eleven/føresatte set seg inn i og følgjer kulturskulen sitt reglement,
fristar og andre avgjersler.
-          føresette legg til rette for og motiverar eleven til eigeninnsats
-          foresette held god kontakt med lærar/skule og informerer om forhold
som kan ha betyding for undervisninga
-          foresette, dersom det oppstår problem, tek kontakt med lærar eller rektor
slik at ein saman kan finne løysingar.
Tips en venn Skriv ut