Korleis blir eg elev ved Midsund kulturskule?

 Midsund kulturskule har eitt hovedopptak i året, frist for inn- og utmelding er 15. april. Vi tek elles opp elevar gjennom heile året, dersom det er ledig plass. Bruk elektronisk søknadsskjema: 

Nye elevar: https://nomidsund.speedadmin.dk/tilmelding#

Eksisterande elevar: https://nomidsund.speedadmin.dk/

 

 Korleis kan eg seie opp elevplassen min?

Oppseiing skal skje skriftleg til kulturskulen, i vanleg post, eller e-post til rektor. Ein kan også logge seg inn på si side i søkjersystemet og registere oppseiinga der.  Det er ikkje tilstrekkjeleg å seie frå til læraren.

Alle elevar får skfriftleg (e-post) beskjed om opptaket etter søknadsfristen 15. april. Opptaket skjer for eitt skuleår om gongen. Dersom du ikkje ønskjer å nytte plassen, må du sende skriftleg utmelding så raskt som råd, seinast innan 1. august. Seier du opp plassen etter denne datoen, må du betale for haustsemesteret. Alle som tek til på haustsemesteret, bind seg i utgangspunktet for eit skuleår. Er du nybegynnar, og elev for 1. gong, er det derimot mogleg å slutte etter eit semester. Oppseiing må leverast skriftleg til rektor innan 1. desember.

 

Korleis er undervisninga organisert?

Kulturskulen har som målsetting å tilpasse undervisninga ut frå eleven sine føresetnader.

Ein enkelt-undervisningstime er no 22,5 min. Dette kan endrast dersom ein finn det teneleg.  Gruppeaktivitet  varierer frå 30- 60 min. Kor og korps har øvingstid på 2 timar, inkludert pause.

 

Har kulturskulen instrument til utleige?

Kulturskule har strykeinstrument i små størrelser, nokre gitarar, kontrabass, trommesett og keyboard til utleige, samt nokre blåseinstrument. Medlemmer i korpset får låne instrument gratis. Gjeldande leigesum står på kommunen sine sider.

 

Kva kostar det å vere elev ved kulturskulen?

Det er kommunestyret som vedtar satsane i kulturskulen. Gjeldande satsar finn du emneknaggen "betalingssatsar" på kommunen si framside, eller ved å følge denne lenka: http://midsund.custompublish.com/index.php?id=198921

 

Kva skjer når ein lærar er borte frå undervisninga?

Når ein lærar må vere borte frå undervisninga grunna sjukdom eller anna, gjer vi det vi kan for å skaffe kvalifisert vikar, slik at undervisninga kan gjennomførast som planlagt.

Dersom vi ikkje greier å skaffe vikar, kan spilletimen bli avlyst. Melding om dette vil bli sendt ut på sms. Hvis det blir mange avlysinger i løpet av eit skuleår, kan vi gi reduksjon i elevpengane som en kompensasjon for avlyste timar. Dette gjeld dersom det blir meir enn to avlysinger utan at vi klarar å sette inn vikar. Ved lengre sjukemeldingar og permisjonar blir det gjort alt for å få sett inn vikar, men timeplanen kan bli noko endra i samråd med elevar og føresaete. Hovedmålet vårt er å gjere undervisninga så stabil som mogleg gjennom heile skuleåret.

 

Er elevane i Midsund kulturskule forsikra?

Alle skoleeiere er pålagt å ulykkesforsikre sine elever. Dette gjelder også elever i Midsund kulturskule.  Forsikringa gjeld all aktivitet i ordinær skoletid, pluss annen relevant aktivitet knyttet til kulturskolen i kulturskolens regi. Dette omfatter altså ordinær undervisning, konserter, helgeseminar og andre kulturskolearrangement. Forsikringa gjeld også på vei mellom heim og undervisningsstad (Opplæringslova §8-4).