Nord-Heggdal barnehage
Nord-Heggdal barnehage er ein flott barnehage som etter 01.01.08 vart utvida 

til 25 plassar, for barn i alderen 0-5 år. Barnehagen ligg nær ferja til Molde,
i Nord-Heggdal sitt naturskjønne område, med eit klima andre berre kan misunne oss.
Opningstid: 07:00 - 17:00
Barna nyt godt av store og flotte leikeareal både inne og ute. Vi har faste turar i fjøre, Jensetveg og eventyrskog. Vi set barna sin leik i fokus, det er leik som er basisen i barnehagekvardagen, både frileik og organisert leik. Det er foreldra som har hovudansvaret i oppdraginga av barne sitt, difor involverer vi foreldra i barna sin barnehagekvardag.
Vi bruker symjehall på måndagar for barna over 3 år.
Vi prøver å finne balansen mellom å være brukarvennleg og det å ha ein god pedagogisk kvalitet på tenesta vi tilbyr.

Vi har ei stabil personalgruppe, og faste vikarar.
| Einingsleiar | Torunn O. Rakvåg |
| Pedagogiske leiarar | Marita Hol og Tanja Kirkeland |
| Assistentar |
Liv Opstad, Reidun Lyster, Ingvill Kvernberg,
Janne Svendsen og Kjellaug Hagset
|
Motto: Barnehagen er ein arena der barn, personale og foreldre vever seg inn i kvarandre sine liv og skriv historie saman.

Nytt i vinter:
- Desember var tid for juleførebuinga, vi kosa oss med adventssamlingar og juleforming, baking og julesangar. Vi fekk helse på både dyr og niss på garden på Aksla, og tradisjonen tru vart det både julefrokost, juleverkstad og Luciafest på barnehagen før jul.

Juleverkstad - konsentrasjonen på topp

Luciafest
Nissebesøk
- No er det tid for andre aktivitetar, vi har starta på eit nytt år og er klare for vinter. Det er to tema vi i hovudsak skal arbeide med framover; Trygg Trafikk "Tarkus" med fokus på trafikk og mørketid, samt tema andre kulturar, med fokus på våde vår eigen kultur, og kultur og heimland til barn frå andre land i barnehagen
- Vi held fortsatt fram med aldersinndelte grupper, med aktivitetar tilpassa borna sin alder og modningsnivå. Dansegym og inndelte grupper for å gå på tur, lese bøker, sang og spel er populært.

| Adresse | Midsund kommune, 6475 Midsund |
| Telefon | 71 27 80 03, mobil: 488 95 641 |
| Telefax | 71 27 80 03 |
| epost | torunn.rakvag@midsund.kommune.no |
Sist oppdatert: 20.01.09