I år er det 40 år sidan det vart kulturskule i Midsund. Zdiszlav Lech kom hit i 1977 for å lage korps i kommunen, og i 1978 vart det oppstart av fiolingruppe, som var det første kommunale kulturtilbodet her. Sidan då har kulturskulen vekse seg stor, og blitt ein viktig kulturinstitusjon i kommunen.

Vi synast 40 år fortener ei real markering! Dette er ei god anledning til å samle trådane, grave i historia, og løfte fram kva kulturskulen har betydd opp igjennom åra, for den enkelte elev, og for lokalsamfunnet. Midsund har forstra nasjonale og internasjonale stjerner innanfor musikk, samt gjeve inspirasjon og uvurderlege  opplevingar til eit svært stort tal midusndingar opp igjennom åra.

Veke 43 (22.- 28. oktober) vil bli ei stor jubileumsveke, med fleire arrangement. Finalen blir ei  stor jubileumsforestilling laurdag den 27. oktober, der vi vil hente heim «gamle» elevar, som framleis driv med musikk på høgt nivå. Her vil det bli historisk tilbakeblikk, og Lech vil ha ei sentral rolle. Han er m.a. i ferd med å lage eit jubileumsverk som skal spegle historia til kulturskulen.