Midsund har eit rikt og variert kulturliv

Her er omlag 60 frivillige lag og organisasjonar med aktivitetar for dei fleste interesser. I alle grender og bustadfelt er vel velforeningar. Dessutan er det bygdalag og husstyre knytta til fem forsamlingshus der det mellom anna er kino, bygdafestar, dansetilstellningar, ungdomsklubb og diskotek. Her er sanitetsforening, husflidslag, redningsforening og husmorlag. Eit mangfald av kristelege organisasjonar driv ulike aktivitetar for barn, ungdom og vaksne. Musikklubben tilbyr øvingsrom for unge popmusikarar. I tillegg er her fleire utøvande dansemusikkgrupper og eit spelmannslag. Slekt og historielag, bridgeklubb, rotaryklubb, dykkarklubb er også svært vitale og oppegåande. I Rakvågen er det skyttarlag med skytebane.

revylag  .jpg"
Ønskjer ein aktivitetar som har fast struktur med øvingar kvar veke, men som også har utadretta aktivitet med konsertar og framsyningar, har ein kor og revylag som er særs aktive.

Bilder: Otterøen Revylag er svært aktive.


revyida  .jpg"
















karneval  .jpg"



Bilde: Karneval på bygdheim.







kor  .jpg"




Bilde: Midsund blandakor








Idretten har gode trenings- og aktivitetstilbod. Midsund har to grasbanar, ein kunstgrasbane og ein moderne idrettshall med treningsstudio.

Midsund idrettslag sine nettsider: http://www.midsund-il.no/

Bilde: Idrettsanlegg
idrettsanlegg  .jpg"

















          Bilde: Treningsstudio
treningsstudio  .jpg"

 



I idrettshallen er det og eit moderne bibliotek som og kan nyttast av foreldre som venter på borna, og for andre ungdomar som ikkje driv idrett men ønskjer å ha nærheit til miljøet.
 

 


Kommunen har eit godt utbygd barnehagetilbod med tre kommunale barnehagar: Midsund barnehage, Nord-Heggdal barnehage og Raknes barnehage, der Midsund barnehage er den største av barnehagane. I tillegg har vi ein privat familiebarnehage.


Det er to grunnskular og musikkskule i kommunen:


Raknes skule er 1-4 skul med om lag 100 elevar, og har skulefritidsordning. Midsund skule er ein fulldel 5-10 skule og har omlag 140 elevar. 



felespel  .jpg"
Midsund kommunale musikkskule held til på Midsund skule. Det er tilbod om undervisning på dei fleste instrument. Musikkskulen har omlag 65 elevar.


Bilde: Her opptrer små fiolinistar på konsert.



Her er gode tilhøve for friluftsliv både på sjø og land - sommar som vinter. Forholda ligg godt tilrette for jakt både på fugl og vilt.





Sist oppdatert: 23.01.09

Levert av CustomPublish AS