Midsund barnehage

midbhage.jpg"Midsund barnehage har tre avdelingar. Marihøna har 9 plassar 0-3 år, Regnbuen har 12 plassar 0-5 år og Blåklokka har 18 plassar 3 - 6 år.

Opningstid: 06:45 - 16:45

Barnehagen har eit flott og variert uteområde. I 2003 vart uteområdet rusta opp med både gapahuk og ny leikehytte.
Barnehagen ligg i Midsund sentrum, nær bibliotek og idrettshall, fjell, fjøre og skog. Det gjer at barnehagen har mange ulike turmål.
Leikegrupper er ei arbeidsform som blir nytta. Barna blir delt inn i mindre grupper på tvers av avdelingane og driv m.a. med leik, temaarbeid og turar. Vi prøver å finne balansen mellom det å vere brukarvennleg og det å ha ein god pedagogisk kvalitet.

Motto: Heil plass, halv plass, stor eller liten, gut eller jente, lang dag eller kort dag, bakgrunn som norsk eller utanlandsk - målet er uansett at alle skal oppleve at i barnehagen er det fint å vere og mykje å lære.

Link til nyheiter 2005:
-
Fullt hus og stormande jubel for TV-aksjonen
- Opning av ny avdeling ved Midsund barnehage 

Link til nyheiter 2006:
- Tombola og Kafè

Adresse Midsund kommune, 6475 Midsund
Telefon 71 27 98 52
Telefax 71 27 98 52
epost bente.johnsen@midsund.kommune.no
Einingsleiar  Bente Johnsen
   
   




Sist oppdatert: 25.04.08.

Levert av CustomPublish AS