Markato er Midsund sitt beste (og einaste) damekor! Her er det plass til alle som likar å synge - uansett stemme. Vi øver på Midsund skule ein kveld per veke. Hausten 2018 bir det tysdagar.

Har du begynt på ungdomsskulen, har du også lov å begynne i koret vårt. Øvre aldersgrense har vi ikkje! I dag har vi medlemmar frå 20 år og oppover. Dei eldste har såvidt passert 50, så vi synest sjølv vi er eit forholdsvis ungt kor.
 
Å synge i kor er godt for helsa! Det sosiale er viktig - kaffi, sjoklade og prat på kvar øving. Men vi jobber også hardt for at sangen vår skal bli så god som mulig. Sjølv om vi er amatørar, vil vi gjerne at det vi opptrer med skal være bra. Og vi får ofte gode tilbakemeldingar, så "øvelse gjør mester" :-)
 
Repertoaret vårt er ganske variert. Vi syng både på norsk og engelsk - både viser, pop, salmar, gospel og jazz.
 
Dirigenten vår gjennom mange år er Elin Krogsæter. Vi ønsker oss fleire medlemmar, så har du lyst har du lov!

Kontakt leiar for Markato: Emilie Kristin Rakvåg, tlf. 91764900