Her vil du finne ei oversikt over ledige stillingar til ei kvar tid i Midsund kommune.

Om du ønskjer å jobbe i Midsund kommune, ber vi deg ta kontakt for meir informasjon om ledige stillingar i vår organisasjon. Telefon 71 27 05 00 eller epost.

Kommunen vil vere til hjelp med bustad, og har som mål å tilby alle som ønskjer det barnehagetilbod.

Rekrutteringstiltak i Midsund kommune: Retningslinjer PDF document ODT document og søknadsskjema for dekking av studielån PDF document ODT document

For alle stillingane gjeld at søknad skal skrivast på  eige søknadsskjema PDF document ODT document .

Ledige stillingar vert ellers lyst ut i lokalavisene og nav sine internettsider.

 


 

Ledige lærarstillingar i Midsund kommune frå 1. august 2019

Om skulane:

Midsund skule har p.t. 154 elevar på 5. – 10. trinn, og ligg i Midsund sentrum. Per i dag har skulen ca 22 årsverk fordelt på 26 tilsette.

Raknes skule har p.t. 91 elevar frå 1. til 4. trinn. Raknes

«Vurdering for læring» er satsingsområde for skulane i Midsund. Skulane er og med i den nasjonale satsinga «Språkkommune». I tillegg er IKT og digital kompetanse viktige satsingsområde. Frå hausten er begge skulane del av den nasjonale satsinga «inkluderande barnehage- og skolemiljø» i regi av Høgskolen i Innlandet. Skulane brukar læringsplattforma Skooler.

Frå 1. august 2019 er det ledig inntil 300% midlertidige lærarstilingar. 1 Stilling gjeldt vikariat fram til 31.12.2019.

Vi søkjer etter allmennlærarar/lærarar med utdanning retta mot grunnskule:

Midlertidige stillingar for allmennlærar med undervisningskompetane for 1. til 10. trinn. Søkjarar med undervisningskompetanse i realfag (matematikk og naturfag) for ungdomstrinnet vert prioriterte.

 

2 av stillingane gjeldt primært undervisning for 1. til 4. trinn.

Prioriterte fag: Matematikk, naturfag og kroppsøving.

Relevante søkjarar må

  • Stette kompetansekrav til undervisning på ungdomstrinnet i dei prioriterte faga.

  • Ha relevant undervisingserfaring frå ungdomstrinnet og/eller barnetrinnet.

  • Ha brei fagkompetanse og god formidlingsevne.

  • Vere tydeleg klasseleiar med god pedagogisk kompetanse.

  • Ha gode samarbeidsevner og kunne jobbe i team.

  • Vere utviklingsorientert.

  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

  • Ha god digital kompetanse.

  • Ha helse til å fylle oppgåvene som ligg til stillinga.

Å vere eigna/skikka til jobben vert vektlagt ved tilsetjing.

Hos oss finn du:

  • Positivt elevsyn og fokus på eleven sitt beste.

  • Fokus på læringsfremjande vurderingspraksis og systematisk bruk av vurdering for læring.

  • Høgt læringstrykk.

  • Godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø.

  • Trivelige kollegaer.

Vi kan tilby:

  • Bidrag til nedbetaling av studielån/Kr 20 000 i tillegg til garantilønn

  • < >

    Hjelp til å skaffe bustad

 

Det er krav om politiattest av nyare dato for den som får tilbod om stillinga.

 

For spørsmål om stillinga:

 

Stian Løken Tlf: 712 78 142/907 61 661

 

Midsund kommune har eige søknadsskjema som ligg på kommunen si heimeside. Søknad sendast Midsund kommune, 6475 Midsund eller postmottak@midsund.kommune.no

 

Søknadsfrist: 25.04.2019

Vil du bli støttekontakt ?

Ein støttekontakt er ein lønna person som over tid, gjennom samvær og ulike fritidsaktivitetar, har som oppgåve å bidra til å auke eit anna menneske si evne til å utfolde seg, meistre ulike livssituasjonar og auke trua på seg sjølv.

Kven som kan ha nytte av støttekontakt varierer - Ei overordna oppgåve er å hjelpe dei som har behov for assistanse til å få ei meiningsfull fritid.
 

Ein støttekontakt må

  • vere over 18 år
  • vere interessert i å arbeide med mennesker
  • vere stabil og påliteleg
  • ha evne til samarbeid
  • kunne sette grenser
  • disponere eigen bil
     

Støttekontakt - noko for deg?

Dersom du er interessert i å bli støttekontakt, send oss ein søknad på kommunens eige søknadsskjema.

Kontaktinformasjon

Ønskjer du meir informasjon om det å være støttekontakt, ta kontakt med :

Leif Arne Lagesen på tlf.: 71 27 05 77, mail.: leif.lagesen@midsund.kommune.no

 

Ønskjer du å vere vikar hos oss?

 
Det er behov for vikarar på dei ulike arbeidsplassane. Ta kontakt med leiaren på arbeidsplassen om du vil vere vikar.
 

 

Retningslinjer for bidrag til nedbetaling av studielån

RETNINGSLINJER FOR BIDRAG TIL NEDBETALING AV STUDIELÅN

Som rekrutteringstiltak  tilbyr Midsund kommune følgande ordning til alle høgskulegrupper frå juni 2015:

  • Kommunen kan dekke 10 % av lånesaldo på studielån i Statens lånekasse, maksimalt kr. 25 000,- pr. år. Beløpet vert utbetalt som lønn til den enkelte (virkning ift lønnsinnberetting, skatt mv).
  • Ein kan søke om dekking av studielån på etterskot, etter fast tilsetting i minst 80 % stilling siste 12 månader.
  • Ordninga gjeld nytilsette med 3-årig høgskuleutdanning, samt allereie tilsette som tek til på høgskuleutdanning etter at ordninga vart vedtatt.
  • Det kan søkast for maksimalt 3 år, med 1 års binding til kommunen for kvart år. Ein må sende søknad for kvart år.

Dersom kriteria er oppfylt, vert det gjort eit administrativt vedtak.

retningslinjer bilde.png

STIMULERINGSTILTAK

a) Ungdom busett i Midsund kommune som ønskjer å utdanne seg til faggrupper som 
kommunen har vanskeleg for å rekruttere, herunder mellom anna sjukepleiarar,
vernepleiarar og førskulelærarar kan få eit stipend på kr 10.000,- pr. år i
utdanningstida, avgrensa til maksimum 3 år.

b) Motytelser for å få stipend er at dei må binde seg til å arbeide i Midsund kommune i eit år for kvart år dei har motteke stipend. Sluttar ein i arbeidet før bindingstida er ute må ein forhaldsmessig del av stipendet attendebetalast.

c)Tildeling av stipend er avgrensa av det behov kommunen til ein kvar tid har for desse eller andre faggrupper samt budsjettert utgift.

  • I stillingar der ein har vanskeleg for å få tilsett personell med nødvendige kvalifikasjonar, herunder sjukepleiarar, vernepleiarar, lærarar, barnehagelærarar, ingeniørar og andre med 3-årig høgskuleutdanning, vil ein ved tilsetjing betale kr. 20 000,- i tillegg til garantilønn i heil stilling. Dette erstattar gammal ordning med antesipert ansiennitet.
  • Administrasjonsutvalet administrerar stimuleringstiltaket og føreslår eventuelle endringar i faggrupper.