Dette er eit gruppetilbod for elevar i aldersgruppa 6- 9 år. Tilbodet er eit introduskjonskurs der elevane får prøve dei fleste tilboda våre i musikk i løpet av året. Alle lærarane har kvar sin fagbolk, slik at elevane blir kjende med dei, og kva det vil seie å spele dei ulike instrumenta. Kurset er meint som eit grunnlag/ førebuing for å søkje instrumental/ vokal opplæring i kulturskulen etterkvart. Det kan også vere aktuelt å ha ein bolk med dans i løpet av året.