Om korpset:
Midsund musikkorps har tradisjonar tilbake til 1954, men korpset har ligge i dvale i mange år. I 2011 vart det blåse liv i det igjen, og no er korpset i vigør, men aktiviteten er relativt lav. Vi mobiliserar for fullt til 17. mai, og satsar også på nokre nummer til ulike arrangement i sambabnd med jula
 
”Stammen” i korpset p.d. er tidlegare korpsmedlemmmer, som har god erfaring på sine instrument. Vi er alt for få, og ønskjer å få med fleire, både ungdom og vaksne. Korpsmedlemmene får låne instrument kostnadsfritt frå korpset.
 
I 2013 fekk vi sjå drilljentene i aksjon! Drilltroppen ligg i "dvale" for tida, men vi håper å få liv i troppen på sikt.
 
BLI MED, og bidra til eit veksande og godt korpsmiljø i Midsund!
 
Korpset har øving på Midsund skule. Vi kjem tilbake med nærmare tidspunkt når vi er i gong att til hausten.
 
Kontakt Åshild Melkeraaen, tlf. 90122742    e-post: aashild.melkeraaen@midsund.kommune.no
 
Klassekorps/ aspirantkorps:
Midsund kulturskule ha dei siste åra hatt ansvaret for musikkundervisninga i 5. klasse på Midsund skule. Vi stiller med 3 lærarar, og har opplæring i korpsinstrument, messing, treblås og slagverk. Håpet er at nokre vil halde fram i aspirantkorps, og at vi sakte men sikkert kan få bygge opp korpsmiljøet i kommunen igjen.