Målsettinga for song– og instrumentalundervisninga er å utvikle trygge utøvarar med allsidig teknikk og stor spilleglede. Her er det mykje å velje i! Har du ikkje instrument? Vi har nokre å leige ut.

Samspel er motiverande og lærerikt, og etter kvart som elevane er modne for det, vil vi legge til rette for at dei får prøve å spele i lag med andre. Det kan også vere aktuelt med gruppeundervisning i nokre instrument. Dette blir avklart når vi får oversikt over søkjarane.

Vi tilbyr opplæring i:

Gitar, Bass, Piano, Keyboard, Trommer, Sang, Tverrfløyte, Blokkfløyte, Fiolin, Cello,Kontrabass, Torader (gruppeundervisning), Korpsinstrument (aspirantkorps).

Sjå meny til venstre for nærmare omtale av dei enkelte instrumenta. Vi fyller på etter kvart!