Følgjekort / ledsagerbevis for funksjonshemma
Følgjekort er eit identitetsbevis for funksjonshemma som treng følgjeperson for å kunne gjøre seg nytte av fritids- og kulturtilbod. Ved å vise fram eit følgjekortbevis for eksempel i billettluka når billett kjøpes, går følgjeperson gratis. Søknadsskjema for å få tildelt følgjekort får ein ved å ta kontakt med rådgjevar Ann-Heidi Paulsen Orvik. Kortet blir fylt ut med namn, adresse, fødselsdato og bilde.
Retningslinjer ved følgjekort.
Følgjekort skal gje funksjonshemma med trong for hjelp, same høve som andre til å delta i samfunnet, utan å måtte betala dobbel pris/inngangsbillett. Mot at den funksjonshemma sjølv betalar ordinær billett, får ho/han ta med seg følgje gratis der ein godkjenner følgjekort. Ordninga skal gje auka tilgjenge til offentlege kultur- og fritidsarrangement, transportmidlar, hotell opphald, frivillige lag og organisasjonar og andre sosiale arrangement. Følgjekort skal fungere som eit verkemiddel til å førebyggje isolasjon og dermed medverke til å gje auka livskvalitet.
Den funksjonshemma vel sjølv kven ho/han vil bruke som følgje frå gong til gong, t.d. ein ven, eit familiemedlem eller ein støttekontakt. For å vere følgje, må vedkommande ha fylt 16 år. Følgjekort gjev ikkje nokon rett framfor resten av publikum, og ein kan ikkje krevja å kome inn visst det er fullt. Billettar må tingast på førehand, når det er naudsynt, og ein må då opplysa om at ein skal ha med følgje.
Det blir stadig fleire plassar, transportmiddel, hotell ein kan bruke gratis følgjeperson, men ikkje alle godtek ordninga. Ein bør difor sjølv spørja dei enkelte plassane, arrangementa ein vil delta på, om dei godtek følgjekort. På grunn av at stadig fleire godtek ordninga med gratis følgjeperson, greier vi ikkje å ha oppdaterte lister over kor følgjekort kan brukast, men ved å ta kontakt med oppvekstkonsulenten i Midsund kommune, kan ein få nærare informasjon over plassar som godtek ordninga med følgjekort.
Søknaden sender du til Midsund kommune. Følgjekort gjeld fram til kommunen fastsett dato for fornying/vurdering av kortet, kor dokumentasjon kan krevjast.
Søknadsskjema og nærare informasjon, kan du få her eller ved å ta kontakt med rådgjevar Ann-Heidi Paulsen Orvik i Midsund kommune på telefon
71 27 05 30.
