Vi gler oss til å ta fatt på eit nytt semester frå august, med mange nye elevar!

Torsdag 20. august blir det eit informasjonsmøte i Storsalen på Midsund skule kl. 18.00, for alle elevar og føresette. Her vil det bli gjeve generell informasjon, samt at det vil bli fordeling av timar. Alle set opp sine ønskje i prioritert rekkefølge, så vil vi fordele timane så godt som råd.

Undervisninga tek til frå måndag 24. august.

Alle nye elevar vil innan juni månad få ein epost med informasjon om opptaket. Alle "gamle" elevar er sikra plass.

Vi kjem tilbake med informasjon om legige plassar på ulike tilbod.

Vi tek ferie i juli månad, og fram til 7. august, men grunna kursverksemd, blir det ikkje folk på kontoret før måndag 17. august. Prøv mobiltelefonen, 90122742. Då treff de Åshild.

Så lenge- ha ein riktig god sommar!