No er det klart for nye nominasjonar til Draumestipendet!

Kulturskolerådet og Norsk tipping samarbeider om dette prosjektet, som består i å dele ut 1,5 mill kroner på landsbasis. Pengane går til å oppfylle draumane til unge kulturutøvarar. Stipendmottakarar er ungdom mellom 13 og 20 år innanfor følgjande kategoriar: Dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna.

Har du lyst til å søkje? Skildring av draumen er like viktig som ferdigheitsnivået her og no!

Ta kontakt med Midsund kulturskule v/ Åshild Melkeraaen. Tlf: 90122742, epost: kulturskulen@midsund.kommune.no

Frist er tysdag 6. februar.

Meir info finn du på www.drommestipendet.no