Du er her: > Artikkel
Midsund og Aukra får 200.000 til utgreiing av kommunesamanslutning
I brev av 1. juli 2005 har Kommunal- og regionaldepartementet gitt Midsund og Aukra tilsegn om kr. 100.000 kvar til utgreiing av kommunesamanslåing. Dette er svar på ein søknad som vart innsendt frå desse to kommunane i etterkant av eit felles kommunestyremøte tidlegare i år.
Samtidig vart det søkt om direkte støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet til bygging av infrastruktur som vil knyte Midsund og Aukra saman ferjefritt (Møreaksen), noko som er eit vilkår for ei eventuell kommunesamanslåing. Søknadsbeløpet var på kr. 100 mill. Departementet registrerer at søknaden er sendt innanfor fristen 1.7. og at dei to kommunane kan påregne å få støtte til infrastrukturtiltak dersom dei vel å slå seg saman. Ei meir komplett finansieringspakke for Møreaksen må leggast fram før departementet kan ta stilling til søknadsbeløpet.







