Du er her: > Artikkel
Fjelltur "på havet"
Boka "Turboka for Molde og Omegn" vart gjeve ut hausten 2004. Rørset- og Ræstadhornet på Oterøya i Midsund har fått fem av fem stjerner av forfattarane av boka som skriv at her går vi fjelltur "på havet". Dei skriv og at dette er kanskje den flottaste fjellturen i boka.

Det er Turbokforlaget Molde v/Kai A. Olsen og Bjørnar S. Pedersen som har gjeve ein komplett beskriving av meir enn 30 flotte fotturar i kommunane Midsund, Molde, Fræna, Aukra, Vestnes, Eide og Gjemnes.
Klikk her for å sjå turboka.
Som nemnd ovanfor er Rørsethornet (659 moh) og Ræstadhornet (754 moh) beskrive som kanskje den flottaste turen i denne boka.
Dei har og tatt med fleire fjellturar i Midsund som Heggdalshornet, Opstadhornet, Klausethornet og Bløkallen.
Fergestrekningane Solholmen - Mordalsvågen og Dryna - Brattvåg bring dykk til Midsund.
Velkommen!







