Byggesak

 
 
 
Informasjon om kriteria og vilkår for dei vanlegaste tiltaka finn du her: 

Om saksbehandlinga i Midsund kommune:

Byggesaksbehandling er ein forvaltningsprosess som både involverer tiltakshavar, naboar og offentlege styresmakter. Saksbehandlinga er ei kontrolloppgåve der kommunen skal sikre at tiltaket er i samsvar med offentlege interesser og kvalitetskrav nedfelt i Plan- og bygningslova.

Etter at søknaden/meldinga er motteke, kontrollerer saksbehandlar at den er komplett. Dersom saka er mangelfull, vil manglande dokumentasjon bli etterlyst. Saksbehandlar sjekkar og om tiltaket er i samsvar med gjeldande planar og eventuelle kommunale vedtekter.

Dersom tiltaket krev avklaring i forhold til andre styresmakter, og søkjar eller tiltakshavar ikkje har gjort dette på førehand, oversender kommunen saka til dei aktuelle styresmaktene.

Når kommunen behandlar søknad og melding, blir m.a. miljø- og grunnforhold, tilknyting til veg og leidningsnett, uteareal, parkering, plassering på tomta, estetiske forhold og eventuelle merknader frå naboar eller andre styresmakter vurdert. For søknader blir og føretaka sine kvalifikasjonar for ansvarsrett og planar for kontroll prosjektering og utføring vurdert.

Ved søknad kan ikkje arbeida setjast i gang før det er gitt skriftleg løyve frå kommunen. Dersom tiltaket er i samsvar med bestemmelser gitt i eller i medhold av plan- og bygningsloven, der det ikkje føreligg merknader fra naboar eller gjenbuarar, og ytterligere løyve, samtykke eller uttalelse frå anna myndighet ikkje er nødvendig, skal søknaden avgjerast av kommunen innen 3 veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innen fristens utløp, vert løyvet rekna som gitt.

 

Adresse Midsund kommune, 6475 Midsund
Telefon 71 27 05 26
Telefax 71 27 05 01
E-post sindre.seter@midsund.kommune.no
Saksbehandler Sindre Sæter

 
Sist oppdatert: 26.1.2012 

 

Levert av CustomPublish AS