Barnehagane i Midsund

Informasjon om den einskilde barnehage finn de i venstre meny.

bhagepoliti  .jpg"














Barnehagen gir barna eit godt miljø med vekt på leik og samvære med andre barn og med vaksne. Barnehagen legg grunnlag for å utvikle toleranse og å ha omsorg for andre og gir sjølv- utfalding gjennom allsidige leike- og aktivitetstilbod. Saman med foreldra skal barnehagen medverke til å gi barna eit miljø som sikrar dei individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, utfalding, læring og etisk rettleiing. Barnehagen tilpassar så langt som råd, innhaldet og arbeidsforma si til dei forventningane foreldra har som enkeltpersonar og som gruppe.

Barndomen som livsfase har stor eigenverd, og barnas eiga frie tid, eigen kultur og leik er grunnleggjande.
Foreldra kan velje mellom 3 kommunale og 1 familiebarnehage i Midsund. Barnehagane ligg fint fordelt geografisk til i kommunen, og alle ligg i naturskjønne områder.
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Sist oppdatert: 17.03.11
Levert av CustomPublish AS