Attraksjonar
Attraksjonar er det mange av.
Bjørneremshellaren, Franskhellaren, helleristningar, riksgrense, hellekiste og
kvernhus er alle stader som fortel om busetnad heilt tilbake til
oldtida.
Bjørneremshellerane
Bilde: Bjørneremshellarane ligg på Midøya, og funn tyder på
at dei første romsdalingane truleg budde her.
Bjørneremshellarane er fellesnemninga på tre hellarar;
Sauehellaren, Geithellaren og Lillehellaren. Hellarane har vesentleg blitt danna ved utgraving av
brenningane frå sjøen etter loddrette sprekker i fjellet. Sauehellaren ligg lengst til
venstre (mot nord) og omlag 30 m.o.h. Lillehellaren ligg ved fjellfoten omlag 80
m til høgre for Saue-hellaren, og omtrent i same høgde. Følgjer
ein fjellfoten oppover frå Lillehellaren mot venstre i omlag 10 meter,
kjem ein til Geithellaren. Sauehellaren og Lillehellaren blei delvis utgrave i 1912, og
i begge blei det gjort to grupper av funn. Dei fann bein-restar av dyr, fugl
og fisk og reiskapar av bein, stein og leire. Det vart og funne eit ribbein av
eit menneske. Ein fann og restar av skjelett frå ein bjørn. Funna
daterar seg til folkevandringstida, ca. 500 e.Kr. og tyder på at dei første
romsdalingane truleg budde her. Alle funn som vart gjort under utgravingane i
1912, vert idag oppbevart på vitskapsmuseet i
Trondheim.
Franskhelleren
Franskhelleren på
Dryna var gøymestad for 4 unge franskmenn under krigen, vinteren
1944-45.
I denne hellaren, som går ca. 55 meter
inn i fjellet, oppheldt fire unge franskmenn seg vinteren 1944/45. Dei var i
tysk fangenskap i ein fangeleir på Klauset på innsida av Otrøya, då dei hausten
1944 bestemte seg for å rømme. Dei tok kontakt med lokale folk som dei visste
dei kunne stole på, og i samarbeid med desse vart flukta planlagt. Natta til den
22. november 1944 rømte franskmennene, og i ei bukt nærare Midsund vart dei
henta med robåt. I mørke vinternatta vart dei rodd til Dryna, der dei fekk mat
og varme klede hos familien Sønderland. Deretter vart dei ført vidare til fots
til denne hellaren. Etterkvart vart det og bygd ei lita hytte inne i hellaren
for å halde den verste kulda og fukta ute. Seinare vart det og satt inn ein
vedovn i hytta. Desverre vart hytta tent på nokre år seinare og brant ned.
Nordmennene samla inn mat til fransk-mennene, som blei levert kvar tredje natt
på ein avtalt stad eit stykke unna hellaren. Franskmennene oppheldt seg i
hellaren heilt fram til den tyske kapitulasjonen 8 mai 1945.
Då blei
dei henta til Midsund og gjort stor ære på saman med dei lokale hjelparane sine.
I ettertid har ikkje hellaren gått under anna nemning enn
fransk-hellaren.
Helleristningane
Bilde: Helleristningane på
Nord-Heggdal viser ein skogsfugl og ei kveite, og er inngravert i eit berg ved
sjøen.
Desse helleristningane vart oppdaga i 1965 av familien Heggdal som eig hytta like ved. Figurane var heilt dekte av lav og mose, men ein ettermiddag då sollyset fall skrått inn på ein spesiell måte, skimta dei nokre streker. Ved hjelp av sodavatn og stive børster kom dei to figurane tydeleg fram. Kva figurane framstiller er det delte meiningar om. Figuren til høgre er mest sannnsynleg ei kveite som er naturalistisk utført. Dei tydelege brystfinnene og krumminga gir eit levande bilete av ei kveite som slår etter at ho er halt på land eller opp i ein båt. Figuren til venstre er mest truleg eit bilete av ein skogsfugl (tiur, røy eller orre) som det framleis er mykje av i området. Desse ristningane er dei første stein-helleristningane som er påvist i ytre Romsdal.
Kvernhuset
Kvernhuset i
Heggdalsvika er frå 1880, og vart brukt til gardskvern.
Restaurert i
1980.

Hellekista
Hellekista på Orset er ei steingrav bygd av steinar og
heller. Truleg frå 3000-1800 f. Kr. Oppdaga i
1878.
Riksgrensa 
Bilde: Riksgrensa på Midøya
var fra 1656 til 1660 ein del av grensa mellom Sverige og Danmark /
Noreg.
Denne mektige
stein-garden var i perioden 26.februar 1658 til 27.mai 1660 ein del av
riksgrensa mellom Sverige på den eine sida og unionen Danmark/Noreg på den
andre. Åra kring midten av 1600-talet var ei uroleg tid i Norgeshistoria.
Danmark/Noreg måtte gje frå seg store landområde til Sverige, men den
dansk-norske unionen prøvde å vinne dei tilbake med eit angrep i 1657, men
tapte. Ved fredsavslutninga i Roskilde 26.februar 1658 måtte Danmark / Noreg
derfor gje frå seg ytterlegare landområde til Sverige. I Noreg gjaldt dette
Bohuslen og Trondhjemslen. Dette førte til at Norge vart delt i to, og
riksgrensa følgde no fogderi-grensa mellom Romsdal og Sunnmøre. Steingarden var
det vestlegaste endepunktet på denne riksgrensa. Den 7 august 1658 var krigen
igang igjen, og ved freds-avslutninga 27.mai 1660 var Trondhjemslen ført tilbake
til Danmark / Noreg, og riksgrensa gjort om til fogderigrense som før. I nyare
tid har steingarden vore kommune-grense mellom ulike kommunar. Fram til 1924 var
han grense mellom Akerø og Vatne kommunar. Akerø vart då delt i to, og grensa
gjaldt no mellom Sør-Aukra og Vatne kommune. I 1965 skjedde det nok ei endring
av kommunegrensene. Då vart Sør-Aukra og den delen av Midøya og Dryna som
tilhøyrde Vatne slått saman til det som idag er Midsund
kommune.
Sist oppdatert: 08.11.05
