Anitas familiebarnehage (privat)

anitabh  .jpg"Privat foreldreeigd barnehage, etablert i 1996, med plass til 5 barn frå 1-5 år.

Opningstid: 0745 - 1615

Barnehagen har sine lokaler i Anita Risvik sitt private bustadhus i Ugelvik, og leikeplass tilknytt gamle Ugelvik skule, som ligg rett ved. Barnehagen har plass til 5 born kvar dag i alderen 1-5 år. Anita`s familiebarnehage blei starta opp i Ugelvik, hausten 1996. Den blei då flytta frå Kolbeingjerdet i Midsundet, der den hadde vore i drift i 8 år.

Anita`s familiebarnehage er ein liten koseleg barnehage, som har aktivitetar ute som satsingsområde. Vi dreg på fjøretur, på skogtur til trollet oppunder fjellet, akar i Stykkjabakken om vinteren og er på badestranda i Ugelvikhamna om sommaren. Vi dreg på bokbåtbesøk, tek bussen til biblioteket og idrettshallen, brukar symjebassenget ein gong i veka og dreg til førjulsbesøk til nissen på Eriklia.

Kvart år har vi ein sommartur utanfor kommunen vår. Vi har blant anna vore på brann- og politistasjonen, akvariet i Ålesund, gardsbesøk på Eriklia i Eide og Larsgarden på Hildre. Vi har eit samarbeid med Midøy barnehage når vi planlegg turar og aktivitetar.

Anita`s familiebarnehage tilbyr "skreddarsydde" plassar utifrå ynskje. Vi har plassar frå 40% til 100%, og brukarane kan velje kva vekedagar dei vil ha plass.

Motto: Lykkeleg som liten.

 

Adresse6475 Midsund
Telefon71 27 97 81
Telefax 
epost
Dagleg leiar  Anita Risvik
Pedagogisk rettleiarMona Klauset
  

 

Sist oppdatert: 29.08.06

 

Levert av CustomPublish AS